Utlysing – Svaip #1


Ein heilt ny digital teikneserieantologi er på trappene, og vi i Rutenet forlag har gleda av å invitere til utlysing.

Svaip vil vere ein digital teikneserieantologi som vert publisert på nett. Som alle Rutenet sine publikasjonar, vil Svaip også vere gratis og tilgjengelig for alle.

Svaip er ein antologi for sveipeserier. Det er eit teikneserieformat som fungerer veldig fint på mobil, men vi designar publikasjonen slik at den fungerer på alle plattformar. Det høyres kanskje framand og vanskelig ut, men det er i grunn veldig enkelt. Vi har laga ein teikneserie som heiter Svaipemanual, og i den fortel vi om Rutenet og om sveipeserieformatet.
Les den her

Vi oppfordrar etablerte og debutantar til å søke om å delta. Vi set ingen grense på lengde så lenge det er eit prosjekt som verkar muleg å gjennomføre innan tidsplanen. Vi vil fordele honoraret likt mellom bidraga uansett lengde. Minimumshonoraret ligg på 6000,-. Redaktørane Ola og Fredrik vurderer å bidra i antologien sjølv, men vil i så fall ikkje ta en del av honorarpotten.

Svaip vil ha ungdom/vaksne som målgruppe. Vi publiserer på norsk og engelsk, så skaparen må lage et utkast til engelsk tekst, så vil den gå vidare til språkvask og korrektur. Til søknaden treng ein ikkje å sende inn to språk. Produksjonsperioden for teiknarane vil vere frå august til november 2020 og me siktar på å lansere i desember.

Søknadskriterium


Til søknaden ynskjer vi:


Format:

Last ned ferdiglagde maler for å tegne svaiperuter på papir.


Søknadsfrist: 15.august

Bidrag sendast til: red@rute.net


Svaip #1 er støtta av Norsk Kulturråd